Lokale fiskarar

Rekruttering til laksefiske er på eit historisk lågt nivå. Det blir stadig færre grunneigarar og lokale sportsfiskarar som fiskar laks. Når interessa for laksefiske blir mindre, svekkar dette den lokale kompetansen for å forvalte villaksen og lakseturismen. Sviktande rekruttering til laksefiske er såleis ein av villaksens største truslar.

SNVF skal vere ein aktiv pådrivar for å sikre god retruttering til laksefiske i ulike aldersklassar. Vi vil spesielt setje fokus på tiltak for barn og ungdom, for å sikre rekruttering av sportsfiskarar, fiskeguidar og forvaltarar av villaksen.

Lokale fiskarar må vere sikra god tilgang til fiske i eiga elv på ulike og gode område. Utan at dei har denne tilgangen, vil omtanken for elva og laksen i lokalmiljøet vere ikkje eksisterande. Den største taparen på sikt vil vere villaksen og lommeboka til grunneigarane.

Samarbeidspartnere

Følg oss

Praktisk info

  • Offentlig transport
  • Familieaktiviteter
  • Vannstand og vær

Generelt

  • Om Beiarelva SA
  • Turistinformasjon
  • Privacy Policy

Nyhetsbrev